Hovudprosjekt 2005

Pauselogg

Fleire av prosjektgruppene glimrar med sine arbeidsloggar (1, 2), truleg for å vise dei sjeldne episodane i løpet av prosjektperioden. Vi har dokumentert våre spesielle opplevingar i det vi kallar pauseloggen (historia som følgjer kan avvike frå røyndommen):

Dette har skjedd

Det var den dagen då Arild sleit med å takle hendingane frå dagen før. I ein sjansefylt kamp klarte altså ikkje Brann å setje ballen i motstandaren, Tromsø, sitt mål, og det heile endte med uavgjort og poengdeling på Brann stadion. Dette var ei bitter pille å svelgje for karen frå Dale. Endeleg tilbake på Mediesenteret må han ta seg enda ein pause i arbeidet.

Episode 4

«Uff, i dag har eg det vondt,» seier ein deprimert stril ved vassdispensaren. «Ikkje ta det så tungt.» Åshild prøver å trøyste, utan at det ser ut til å verke. «Det går nok betre neste gong,» legg ho til. Vi veit alle at det diverre ikkje er tilfelle.

Arild himlar med augene og svarar «Det kan du seie. Du var ikkje på Stadion i går. Det gjorde vondt innvendig å sjå fiaskokampen.» «Ta no ikkje for hardt i, så gale var det vel ikkje.» Åshild er allereie lei sytinga.

«Eg skal drukne sorgene mine i UV-bestrålt vatn,» seier Arild og smiler lurt i det han fyller opp vassflaska. Åshild byrjar å le. «Vi får håpe du ikkje har ein underliggjande nefropati som fører til at du blir overhydrert og drar på deg ein cardioinsufficiens. Og diuretika kan jo føre til impotens,» ler ho. Begge to blir ståande og flire høgt og lenge.

Det tek ikkje lang tid før dei høyrer nokon kome gåande i deira retning. «No får de dempe dykk!» Det er Jan Tore som snakkar med myndig stemme. «Dessutan trur eg at de har hatt lang nok pause. Set i gong og jobb,» seier han medan han viftar med peikefingeren. Dei to andre bråstoppar og går duknakka tilbake til kontoret.