Hovudprosjekt 2005

Om prosjektgruppa

Lagbilde, frå venstre sit Arild, Åshild og Christoffer

Åshild

Åshild er 22 år når dette blir skrive (ho blir 23 den 29. april), og er såleis den yngste på prosjektgruppa. Ho går tredje året på HiB, og er dermed snart ferdig utdanna dataingeniør med studieretning datateknikk. På fritida ser Åshild på TV (evt. akvarium) og trenar volleyball. Når Åshild er heime i Ølve er ho gjerne å treffe med fisk i hendene.

Christoffer

Christoffer er den eldste på prosjektgruppa med sine 27 år. Det er då mest naturleg at han tar mest ansvar, dette passar han særs godt sidan han er ein skikkeleg kontrollfrik. Christoffer går 3. året på bachelorstudiet innen data med studieretning datateknikk ved HiB. På fritida er han ein ihuga basketballspelar, og snart skal han starte å sykle til skulen.

Arild

Arild er den mellomste bukken av bukkene bruse. Han er 24 år, og i hans hjarte står både SK Brann og FK Vaksdal, der Arild er keeper (altså i FKV). Som dei to andre medlemmane på prosjektgruppa går også Arild på tidlegare nemnde studie. For å komme seg på skulen må han reise med tog frå Dale ein heil time, heim att går det litt fortare då han søv heile vegen (har fremdeles ikkje gløymt å gå av på riktig stopp).