Hovudprosjekt 2005

I mål

Da var det gjort, vi er i mål med rapport og presentasjon. Etter at presentasjonen var over fekk vi hjelp av Øyvind Fosse til å binde inn rapporten så vi fekk levert den frå oss. Lunsjen inntok vi i dag i “vaksen-kantina”, der Åshild og Christoffer koste seg med mat frå den franske bufféten. Deretter starta vi på plakaten til expo-utstillinga. Her fekk vi igjen kjempegod hjelp av Øyvind som har stått for det grafiske uttrykket til plakaten. Vi bøyer oss i støvet (mangler støv) og seier tusen tusen takk for all hjelpa. Til alle trufaste vitselesarar: vitsen utgår.

Lagra under: Dagbok

Hovudrapport

Hovudpresentasjon

Ein dag att

Dagen i dag vart den dagen då vi gjekk overtid på Mediesenteret. Dagen byrja med at vi fekk dei etterlengta tilbakemeldingane frå kontaktlæraren vår. Deretter var det berre å kome i gong med å endre på rapporten og presentasjonen i høve til kommentarane hans.

Arbeidet tok litt lenger tid enn planlagd, men vi har fått skrive ut den ferdige hovudprosjektrapporten og gjort den klar for innbinding i morgon. Her har forresten halve Mediesenteret stått på for å hjelpe oss med utskrift på fargelaser. I tillegg har vi gjennomgått presentasjonen og fordelt arbeidet der. Alt i alt er vi vel så og seie ferdig. Sjekk desse sidene i morgon for å sjå hovudrapport og presentasjonen. Vêrmeldinga i dag: regn og atter regn.

Lagra under: Dagbok

To dagar igjen

I dag var dagen då hovudrapporten skulle få siste finpuss, men slik gjekk det ikkje og vi må derfor bruke dagen i morgon til dette.
Ellers har vi fiksa enda ein del “i siste liten” endringar frå oppdragsgjevar, samt at presentasjonen byrjar å ta ordentleg form. I dag har vi til tider hatt sol ute, men det har egentlig regna mest.

Lagra under: Dagbok

Planlegging av presentasjon

I dag har me starta på planlegginga av hovudpresentasjonen, det ser ut til at det skal gå bra. Christoffer har dessuten fått ferdig innstallasjonsscriptet, det ser veldig bra ut. Til høgre har vi lagt til ein link til ein demonstrasjon av systemet. Været er litt sånn opp og ned.

Lagra under: Dagbok

Presentasjon for Mediesenteret – igjen

Dagen i dag har stort sett gått med til rapportskriving. Vi har òg drive med små kosmetiske endringar og lagt til funksjonalitet for å legge til botntekst i webløysinga vår. I tillegg har vi presentert det tilnærma ferdige produktet for Mediesenteret under deira felles mandagsmøte. Kontaktperson ved høgskulen, Svein-Ivar Lillehaug, var òg tilstades. Vi fekk ein del spørsmål å svare på, i høve til kva systemet kunne og ikkje kunne utføre, men ellers positive tilbakemeldingar.

Lagra under: Dagbok