Hovudprosjekt 2005

Vi tar langhelg

I dag er vi ferdige med sletting av mediefiler, eit stort mål er nådd. Chris har verkeleg stått på for denne funksjonen, all honør til han. Det er langhelg med årets første offisielle grilldag i morgon, dette skal utnyttast på det grovaste. Ute skin sola og temperaturen er stigande.

Lagra under: Dagbok

Pingvinen lever!

I dag fann me ut at pingvinserveren har problem med bildemanipulering, enn så lenge. Me har komt eit godt stykke vidare med programmeringa, og Christoffer finn ut av mysteriet bildemanipulering. Det viktigaste som skjedde i dag var at Arild kåra Åshild til å ha betre musikksmak enn Christoffer. Vêret har veksla frå sol til styrtregn og vind (kjekk kombinasjon).

Lagra under: Dagbok

Det starter å ta form

Vi har fått gjort mykje i dag, ihvertfall kva som angår programmering. Pingvin er enno nede så vi slit med R-11 fortsatt. Ute har vi vekslande skydekke, uten at vi ser noko særleg til det.

Lagra under: Dagbok

Statiske sider og kategoriar, eller omvendt

Det var den dagen då Mediesenteret sin server framleis ikkje var heilt på nett, og ein kort periode var òg vår eigen server (hovudprosjekt2005.net) utilgjengeleg. Men vi har fått gjort unna ein del likevel. Arild har stått på med å implementere kategori-funksjonalitet og statiske sider, medan Åshild og Christoffer har hengt over skuldrane hans og jabba. Tolmodet hans er berre å bøye seg i støvet for.

Vi har sett litt på ulike klasser og litt javascripting for å implementere mediehandtering. Ute er det sol, av og til.

Lagra under: Dagbok

WYSINAWYG

I dag har vi fått implementert og testa ein WYSIWYG-editor. Vi har valgt å bruke TinyMCE for vårt prosjekt. Våre testar har vist at WYSINAWYG, men det har vi glatt fått gjort noko med. Mediesenteret sin server er forresten nede enno, men vi brukar no vår eigen server for å teste publiseringssystemet. Er ikkje sikker på kva vêr det er, ein ser ikkje ut til å ha bestemt seg heilt der ute.

Lagra under: Dagbok